mandag 18. juni 2012

Skogstur med hundane

Søndag var det flott vær til ein liten skogstur med hundane, første gong for Henki. Masse nytt å lukte på, men han gjekk på med liv og lyst, ikkje engsteleg verken i høgt gras eller lyng. Tim er vanlegvis den som ledar an når vi går på tur, men fekk vist ei ny side av seg; han sirkla rundt Henki heile tida og passa på at heile flokken på 3 hundar og 2 to-beinte var med. Artig å sjå:)

Var også ein skogstur idag, og det same gjentok seg, Tim tok ansvar og passa på at den "vesle" kvalpen (som no er større enn han sjølv!) hang med, og Henki storkosar seg med å vandre rundt, bite litt på pinnar, utfordre ulendt terreng med litt knall og fall og jobbar hardt for å halde følge med dei andre to.


Vi trenar innkalling med jamne mellomrom, og Henki har forstått kva fløyta eg brukar betyr, han bråsnur og er raskt tilbake for godbiten. Då vi kom heim tok vi dagens dose med bandtrening, han er byrja å bli riktig flink, og mor som strevar litt med klikker-trening er også blitt flinkare til dette! Når Henki forstår poenget må eg vel gjere noko rett:))

Henki er ein riktig gladgutt, leiken og sosial, og jammen er han allereie blitt 9 kg! Ingenting å seie på matlysta, dagens rasjon går ned på høgkant.

                                                     Henki luktar på ferske hjortespor

Ole på tur med sine 3 små:)

Masse spennande å lukte på

Kven kan motstå godbit:)

Godt å slappe av etter ein strevsom tur:)