tirsdag 17. juli 2012

Bursdag og fjelltur

Søndag feira vi Eline som vart 24 år 14. juli og Tim & Siko som vart 2 år 16. juli. Då vart det kjekt å få besøk av "kusine" Brita, og det vart masse kos på Henki:))


Vi er kompisar vi:)



Koooos:)))



I dag var det på med ull og gore-tex og ein liten tur på Utvikfjellet. Ole har vore på 2 vekers fisketur, og Henki hadde vakse godt på dei vekene, 2,8 kg! Ser nesten forskjell på kvar dag som går, og ingenting å seie på matlysta.

Blir nok ikkje lenge det er plass til alle på passasjersida i denne bilen nei!

Kjekt å springe på fjellet

Full oversikt!

Trekløveret på steinbordet

Stolt "far" med sine tre små

.... og kos til mor!







mandag 9. juli 2012

Fjelltur ein sommarkveld

Ein nydeleg kveld med temperatur opp under 20 grader, og Bendik, hundane og eg hadde ein kjekk luftetur der vi gjekk utanfor alfarveg så hundane kunne springe fritt. Dei er flinke til å halde seg rundt oss, kanskje vissheita om at pølseposen er med hjelper.....

Henki er blitt flinkare til å ta seg fram i terrenget og koordinasjonen går framover. Prøver så godt han kan å halde følge med storebrødrene, men forstår når han må gje tapt. Det kjem nok med tida:)

Prøver å same flokken til gruppebilde....

...fortsatt litt ukonsentrerte...

Der kom blinkskuddet:)

Blir tørst av slikt fotomas!

Vakre hundar på vakre myrer

Tim

Henki

Bendik prøver å lokke dei opp på steinen med pølser...

Berre Tim tør å prøve

Gutta på toppen:)

Så vart det ein go'bit på dei andre også

Henki og Siko syns halvmeter-steinar er høge nok å kravle opp på

Så klarte vi jammen å samle gjengen igjen:)


søndag 1. juli 2012

Treningsøkt i hagen

Så er Sondre komen frå militæret og har møtt Henki for første gong, kontakta var på plass frå første stund. Sondre syns klikkertrening er spennande og har starta ivrig trening med Henki.Kjekt å sjå kor lærevillig han er, og han er blitt riktig så flink til kommandoane sitt, dekk, sitt opp og bli. Innkalling trenar vi på meir eller mindre heile tida og brukar tida godt når vi er på skogstur. Han får nok mykje gratis med å følge etter storebrødrene, som har stor omsorg for minsten sjølv om dei kan bli litt leie av leikebitinga iblandt.

Henki har fått si andre kvalpevaksine og er blitt ein stor kar på 12 kg:) Øyra henger fortsatt ned uten dei store tegna til å reise seg, så nå må vi nok til å prøve strikk-trikset som Beathe tipsa oss om.

Ingenting å seie på kontakta


Flink å dekke

Gjer alt ein blir bedt om for grillpølse:)
Fotografen forstyrrar konsentrasjonen...
Flinke, gode guten vår:))
Er no søt sjølv om øyrene henger ned
Gode kompisar:)))))